Lerum Cup 2018 - Oppsummering frå Førde 3 J12
Postet av Geir Vindheim den 25. Jun 2018
Var ein spent gjeng fra Førde 3 sitt J12 lag som reiste til Lerumcup tidlig laudags morgon. Vi reiste inn med 11 av dei 12 spelarane til laget. Alle går i samme klasse på Sunde skule. 5 kampar venta på oss. Ingen av laga hadde vi møtt før.
Første kamp var mot Sykkylven Rød. Der møtte vi virkeleg eit bra lag. Dei tok tidleg ledelsen 3-0. Jentene kjempa seg inn i kampen. Andreomgangen var meir gjevn og vi tapte til slutt 4-0.
Mellom denne og neste kamp, rigga vi oss til på Campusen. Vi fekk rom på Fylkestribuna. Der fekk jentene muligheit til å heie på G14 til Førde.
Kamp 2 var mot Fagernes. Der hadde vi full kontroll fra starten av. Fleire spelara blomstra og fekk god sjølvtilit. Seier 7-0 Ettermiddagen gikk med til shopping og discotek.
Søndagen hadde vi eit bursdagsbarn i flokken. Dette vart markert med at heile matsalen sang bursdagsangen til frukost. Gaver og markering av lagvenninene vart det og. Gåve fra Sogndal fotball fekk ho og på kampen på kvelden. Denne dagen møtte vi først Volda Tøff som kamp 3. Vi var ikkje heilt våkne ved kampstart. Dei var dominerande dei første 10 minuttane og leda 2-0. Vi kom tilbake i andre omgang, og skapte mange sjangser. Kjempa oss til 2-2. Litt ergelig at vi ikkje fekk godkjent 3-2 målet på eit direkte frispark. Stadionfløyta gikk da spelar var i tilløpet. Ballen gikk i høgre øvre hjørne. Jentene jubla hemnigslaust. Dommer var veldig usikker og diskuterte med sekreteriat, så det tok litt tid før endeleg resultat kom.
Kamp 4 var mot Sykkylven Blå. Ein tøff batalje der jentene kriga heile vegen. Fleire småskader oppstod, så vi var litt sårbare i perioder av kampen. Vart eit tap 4-1
Ettermiddag og kvelden gikk med til å heie litt på J13 til Førde, tivoli og fotballkamp mellom Sogndal og Jerv.
Mandag og siste kamp. Møtte Volda
Super. Nok ein tøff kamp. Jentene prøve og det var 0-0 ved pause. Vi sleit meir
i andre omgang.
Ein fysisk slitsom turnering hadde tatt på. Tapte 2-0.
På heimturen sovna nesten alle jentene.
Jentene har hatt ein super turnering og gleder seg allerede til neste år.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Geir Vindheim
Bli støttemedlem Førde Fotball
27.03.2020
Bli støttemedlem Førde Fotball
27.03.2020
Bli støttemedlem Førde Fotball
27.03.2020
Bli støttemedlem Førde Fotball
27.03.2020
Kampdag 3 Norway Cup 2019
30.07.2019